Kleven vel Simployer som HRM-system!

Løysinga til Kleven omfattar skybasert løysing for personalregister, dokumentarkiv, fri/ferie/permisjon, sjukefråver og sjukefråversoppfølging, medarbeidaroppfølging, utvikling og kompetanse, samt digital leiarhandbok.
mandag 14. mai 2018
Lesetid: 1 Minutt

- Vi har god tru på at Simployer som HRM-system skal ytterligare effektivisere informasjonsflyten og arbeidsprosessane som går mellom medarbeidar – leiar og HR. Dette vil frigi tid og kapasitet hos både leiarar og HR til å arbeide med vidare utvikling både på individ og organisasjonsnivå, seier HR-direktør Kathrine Holstad i Kleven. 

Om skipsbyggingskonsernet Kleven

Kleven har gjennom mange tiår vore eit sterkt merkenamn innan skipsindustrien, både innanfor nybygg og service. I 2017 fekk Kleven nye eigarar, men verksemda har framleis djupe røter i dei lokalsamfunna dei held til i, og selskapa i konsernet har ei historie som strekkjer seg hundre år tilbake i tid.

Frå fyrste stund har viljen til hardt arbeid og eit ønske om å stadig forbetre arbeidsmetodar og resultat vore eit kjennemerke. Siste åra har Kleven starta ein ny epoke av stolt skipsbyggartradisjon: Konsernet har flytta ein større del av byggeprosessen heim til Noreg, med automatisert og robotisert produksjon ved Kleven Verft.

Innovative løysingar basert på teknologisk utvikling, effektiv produksjon og god kvalitet bidreg til å auke Kleven si konkurransekraft i marknaden, og gjennom teknologiselskapet Kleven Maritime Technology (KMT) rettar Kleven blikket mot framtida og marine kraft- og energisystem, batteri- og energilagringsystem, samt automasjon- og kommunikasjonssystem.

I tillegg aukar stadig porteføljen av service- og ettermarknadsreferansar; Myklebust Verft er godt rigga til å ta på seg serviceoppdrag, og nøgde kundar vender stadig tilbake.

Sjølv om mykje har endra seg oppgjennom historia til Kleven, har verdigrunnlaget som Marius Kleven formulerte i 1944 vore det same:

- Vi skal gjere godt arbeid, og vere til å stole på.


Hold deg oppdatert med gratis nyhetsbrev

Vi sender ut gratis nyhetsbrev hver uke, med relevante nyheter for deg som er leder eller jobber med HR, personal, lønn, økonomi eller HMS.

Meld deg på ved å fylle ut skjemaet nedenfor - du kan når som helst melde deg av.

Ved å sende inn skjemaet godtar du våre vilkår


Del siden: